top of page

eMeistring: Depresjon

eMeistring behandlar mild og moderat depresjon med kognitiv atferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og nå, og har som mål at den som er i terapi skal lære kva som skapar depresjon og korleis ein kan bryte ut av den.

eMeistring: Depresjon
Bruksområde
Psykisk helse
Aldersgruppe
Voksne
Tjenesteeier

Helse Bergen

Om tjenesten

Behandlinga i eMeistring føregår via internett. I staden for å møte opp for å motta terapi ansikt til ansikt ved lokalt distriktspsykiatriske senter (DPS), kan pasienten som går i behandling logge seg inn på egne nettsider når og kvar det passar. Alle som mottar behandling i eMeistring får oppfølging av en terapeut vekentleg. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.

Behandling for depresjon i eMeistring varer i 14 veker, og består av 8 delar. Kvar del inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.

Lesestoffet gjev informasjon om korleis det å være deprimert påverkar oss, og kva vi kan gjere for å bryte ut av depresjonen.

Øvingane hjelp den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gjev opplæring i teknikkar som ein trenar på gjennom behandlinga.

Spørjeskjemaene måler symptom på depresjon, og vert brukt for å sikre at behandlinga fungerar.

Behandlinga i eMeistring har same innhold som kognitiv atferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden eMeistring nyttar kallast “veileda internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering kor den samla forskninga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.

Behandlinga for depresjon inneheld desse delane:

- Lære om depresjon og behandlinga
- Å kome i gang med aktivitetar
- Å få balanse i kvardagen
- Å meistre kvardagen
- Å oppdage negative tankar
- Å arbeide med tankane
- Å håndtere søvnvanskar
- Å planlegge framtida

bottom of page